Noseworkkurs helg (to lørdagar)

Sted: Arna, Bergen
Arrangør: Bergen
Kursleder: Mari Lægreid (818086342)
Instruktør: Mari Lægreid
Start dato: 09.10.2020
Sluttdato: 24.10.2020

Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.

Me jobbar med hunden si mestring og forståing av oppgåva, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.

 

Kurset krev inga førehandskunnskap, og me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.

 

Nosework er vel så interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Det er ein enkel og gøyal søkssport der mestring og motivasjon er hovudtema. Søk som aktivisering er ein fin måte å gi hundar hjernetrim på, som kan hjelpe med forskjellige atferdsutfordringar.

 

 

Teori uten hund fredag 9. oktober fra kl 18:00
Trening laurdag 10. oktober fra 10:00
Trening laurdag 24. oktober fra 10:00
Begrensa antall plassar.

 

 

Me vil i hovudsak vere i Arna, mulig flytte oss litt rundt – alt etter vær. Inne og utendørs-trening.

 

Ta med gode godbitar og leiker.