Nosework nybegynnerkurs

Sted: Arna, Bergen
Arrangør: Bergen
Kursleder: Mari Lægreid (818086342)
Instruktør: Mari Lægreid
Start dato: 11.12.2021
Sluttdato: 12.12.2021

Bli med på nybegynnerkurs i nosework!

Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.

Nosework er og interessant som bruk som aktivisering av hund, særleg for unghundar eller pensjonistar, men passar for alle. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere  omplasseringshundar på, for å lære hundane mestring, drive mental aktivisering og å finne ro.

 

 

Me jobbar med hunden si mestring og forståing av oppgåva, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.

 

Kurset er retta mot nybegynnarar, og krev inga førehandskunnskap. Me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.

 

Kurset går helga 11.-12. desember

Teori fredag 18-20

Trening laurdag fra kl 11
Trening søndag fra kl 15

 

Me vil i hovudsak vere i Arna, mulig Åsane søndag.

 

Ta med gode godbitar og leiker.