Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.
Nosework 2 – helg!

Nosework er vel så interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere særleg omplasseringshundar på, for å lære hundane mestring, drive mental aktivisering og å finne ro.
Me jobbar med hunden si mestring og forståing av oppgåva (søket), og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.
Kurset passer for deg som har trent litt Nosework før, og me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar. Kurset går over ei helg, 14.-16. mai med teori fredag 18-20 og trening lørdag og søndag fra 10-15 inkl pause. Kurset vil innehalde teori og praktisk trening, og det er mogleg å overnatte på kursstaden (Furuhaugli Fjellhytter).
-
Lina Kayser
Telefon: 93058229Org. nr.: 917968314 -
Mari Lægreid
Telefon: 47341091Org. nr.: 818086342
Påmelding til kurset
- Kurs:
- Nosework 2 – helg!
- Sted:
- Furuhaugli Fjellhytter på Dovrefjell
- Dato:
- 14.05.2021 til 16.05.2021
- Kursleder:
- Lina Kayser
- Instruktører:
- Mari Lægreid
- Pris:
- 2000 kr
- Pris observatør:
- 1000 kr