Nosework nybegynnerkurs (mandagar)

Sted: Arna, Bergen
Arrangør: Bergen
Kursleder: Mari Lægreid (818086342)
Instruktør: Mari Lægreid
Start dato: 09.11.2020
Sluttdato: 14.12.2020

Bli med på noseworkkurs!

Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.

Nosework er vel så interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere særleg omplasseringshundar på, for å lære hundane mestring, drive mental aktivisering og å finne ro.

 

 

Me jobbar med hunden si mestring og forståing av oppgåva, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.

 

Kurset krev inga førehandskunnskap, og me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar. I utgangspunktet ønsker me at kun ein person deltar pr hund av hensyn til smittevern.

Kurset går over seks veker, ein kveld i veka, med teori (uten hund) første gang.

Me vil i hovudsak vere i Arna, mulig flytte oss litt rundt – alt etter vær.

 

Ta med gode godbitar og leiker.