Kvalpekurs januar

Kvalpekurs januar
Sted: Arna, Bergen
Arrangør: Bergen
Kursleder: Mari Lægreid (818086342)
Instruktør: Mari Lægreid
Start dato: 04.01.2022
Sluttdato: 15.02.2022

Har du fått kvalp? Gi kvalpen din ein god start på livet - bli med på vårt kvalpekurs! :)

 

 

Kvalpekurset er ope for alle hundar av alle rasar frå to til seks månader. På kvalpekurset lærer du å trene dei viktigaste ferdighetene som ein god familiehund treng til kvardags. Me jobbar blant anna med:

Korleis hundar lærar
Kvifor trene positivt
Gode rutinar ute og heime
Kvalpebiting
Miljøtrening og sosialisering

Kontakt
Belønningsutvikling
Velge vekk forstyrrelsar / sjølvkontroll
Ro
Innkalling
Sitt, stå, dekk
Bli / holde posisjon
Korleis legge signal på atferd
Target
Passering
Gå pent i bånd
Du vil og lære om miljøtrening og aktivisering av kvalpen.

Det viktigaste med kvalpekurset er imidlertid ikkje kva kvalpen lærer, men kva DU lærer. Vårt mål er at du skal lære prinsipp for effektiv hundetrening, som gjer deg i stand til å takle nye utfordringar på eigen hund etter kurset. Eit kvalpekurs er den beste investeringa du kan gjere i ditt hundehald!

Canis Hundeskole brukar ein metode som vert kalla «klikkertrening» på våre kurs. Klikkertrening er ein utruleg effektiv og morosam treningsmetode. Særleg når du har begynt å klikkertrene hunden frå den er kvalp får du veldig gode resultat. Klikkertrening gjer kvalpen din til ei «læringsmaskin» som elskar å trene og lære nye ting, det vil du ha glede av i resten av hunden sitt liv.

Kvalpekurset går over 7 gongar, fra tysdag 4. januar til tysdag 15. februar.

Me vekslar på å trene inne og ute.

 

 

Første gong er felles teori utan hund.