Forstå hunden! – Atferd, problematferd, utfordring og aktivisering

Forstå hunden! – Atferd, problematferd, utfordring og aktivisering
Sted: Arna, Bergen
Arrangør: Bergen
Kursleder: Mari Lægreid (818086342)
Instruktør: Mari Lægreid
Start dato: 08.01.2022
Sluttdato: 30.05.2022

Har du litt utfordringar med hunden din? Ønsker du å lære meir om atferd og aktivisering, og få eit tilrettelagt treningsopplegg i ein treningsgjeng?

Det kan vere mange grunnar til at ting går litt skeis, og det er ikkje nødvendigvis verken hund eller eigar sin «feil».

Dette kurset er for deg som har ein hund med utfordringar, og som ønsker meir forståing av eigen hund og korleis jobbe med atferdsendring og aktivisering. Du bør være interessert i å lære om fleire typar atferdsproblemer og korleis jobbe med desse. Du vil og lære om kvifor det er viktig med aktivisering, og korleis særleg søksarbeid kan vere til nytte ved atferdsproblematikk.

Samla sett blir kurset ein kombinasjon av Noseworkkurs, passeringskurs, aktivisering og søk, ro-trening, miljøtrening, enkle triks/øvelsar og innføring i relevant teori innan atferdsproblematikk. Det vil vere mulighet for litt individuelt opplegg, og du får ein eigen treningsplan. Ingen krav til forkunnskap.
Ta kontakt med instruktør om du er usikker på om kurset passar for deg og din hund!
Me brukar kun belønningsbaserte treningsmetodar på våre kurs, og vil særleg nytte klikkertreningsprinsipp i treninga.

Du får i løpet av kursdagane ein kombinasjon av teori og praktisk trening. Teori og storparten av treningane vil foregå i Arna, nokre treningar kan leggast til andre stader etter avtale.

Felles facebookgruppe for deltakarane for veiledning og oppdatering mellom kursdagane.

 

 

Laurdag 8. januar 11-15
Mandag 17. januar 18-20
Mandag 31. januar 18-20
Laurdag 12. februar 11-15
Mandag 14. februar 18-20
Mandag 7. mars 18-20
Laurdag 19. mars 11-15
Mandag 4. april 18-20
Mandag 18. april 18-20
Laurdag 30. mai 11-15

+ to privattimar pr deltakar etter avtale.

Påmelding til kurset

Kurs:
Forstå hunden! – Atferd, problematferd, utfordring og aktivisering
Sted:
Arna, Bergen
Dato:
08.01.2022 til 30.05.2022
Kursleder:
Mari Lægreid
Instruktører:
Mari Lægreid
Pris:
12000 kr