Sommarkurs! Spor, søk, aktivisering og lydighet!

Sommarkurs! Spor, søk, aktivisering og lydighet!
Sted: Arna, Bergen
Arrangør: Bergen
Kursleder: Mari Lægreid (818086342)
Instruktør: Lina Kayser, Mari Lægreid
Start dato: 09.07.2019
Sluttdato: 12.07.2019

Bli med på eit fantastisk morosamt sommarkurs! Sommaren er ei tid for aktivitetar, leik og moro, og kvifor ikkje nytte tida til å starte litt nye aktivitetar med hunden?  Me har ikkje mindre enn fire spennande kurs å velge mellom denne sommarkursveka med Canis Bergen!

 

9. og 10. juli – Søksdagar! Kl 10-15

Alle hundar har ei fantastisk nase, og ein nær uforståeleg god luktesans. Me har aldri møtt ein hund som ikkje likar å søke! Hundar si luktesans har blitt brukt i årtusener, og vert i dag nytta i søk etter narkotika, valuta, veggedyr, rust, råte, kadaver, kreft, miner, kantarell og mykje meir. Alt har ei duft, og hunden kan lære å finne/reagere på forskjellige dufter.

Du kan velge mellom Blodspor og Nosework!

Blodspor er ein flott aktivitet for hund og eigar, og ein del av godkjenninga for ettersøkshund. Sporet blir lagt ved at ein drypper litt blod medan ein legg spor i skog og mark. Me startar ved begynnelsen av innlæringa, og aukar gradvis til lengre liggetid og lengre sporlengder.  For nybegynnarar.

Instruktør Lina Kayser

Nosework er ein engasjerande aktivitet som verkeleg begynner å ta fart i Noreg. Nosework vart starta av profesjonelle hundeførarar med erfaring frå narkotikahundar, minehundar og anna søksarbeid, med formål å aktivisere hundar på kennelar og omplasseringssentre. Det er ein aktivitet for alle som ønsker å drive med søksarbeid som aktivisering, og ein fin inngangsport for folk flest som ønsker å gjere noko saman med hunden sin. Passar og for hundar som ikkje trivast så godt rundt andre hundar. For nybegynnerar.

Instruktør Mari Lægreid

11. og 12. juli – Lydighet! Kl 10-15.

Du kan velge mellom Kvardagslydighet, eller grunnferdighetskurs i konkurranselydighet!

Kvardagslydighet

Kurs for alle, med fokus på kvardagslydighet og aktivisering. Me går gjennom nyttige øvelsar for kvardagslydighet, forstyrrelsestrening og prøver litt gøyale nye triks og moro. Målet er mestring og kunnskap om korleis trene hunden vidare i kvardagen.  Me vil mellom anna gå gjennom innkallingsøvelsar, gå fint i bånd, passering, korleis få ein god sitt, bli-trening, værsågod, forstyrrelsestrening, ro-øvelsar med meir! Vekslar mellom litt teori og praktiske øvelsar.

Instruktør Mari Lægreid

Konkurranselydighet

For deg som ønsker å nå langt innan lydighet, eller som berre er nysgjerrig og har lyst til å trene meir. Her går me gjennom grunnferdighetane som trengst for ein god lydighetshund, og korleis lære inn desse.

Instruktør Lina Kayser

For hundar fra ca 6mnd og oppover.

Pris pr kurs: 2200. Meld deg på to og få 400 kr avslag!